top of page

NYHETER

 

Tenk om eg var ein tanke

Nå skal Annlaug Børsheim og jeg ut med produksjonen "Tenk om eg var ein tanke" på skoler i Hordaland igjen. Det er flere år sia sist, og jeg gleder meg til å gå inn i Per Olav Kaldestad sine tekster igjen. Det er skolene på Osterøy som får besøk.

"I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.

Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil.

Musikk og spørsmål blir teke i bruk som verkemiddel for at utøvarar og elevar i fellesskap kan assosiere rundt kva dikta og eg-personen i dikta vil fortelje. Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.

​​​​​​​På leikent og finurleg vis gir framsyninga elevane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk." Les mer på ksys!

bottom of page