top of page

NYHETER

 

Morgonfrosken ute med singel

Fredag 15.april kom Morgonfrosken ut med sin første singel, Himmelen har mykje å fortelja. Vi håper dere liker den!

Morgonfrosken slepper singel 15.april Ny(-)norsk folkemusikkpop for små og store! Folkemusikaren, songaren og komponisten Annlaug Børsheim frå Ulvik har skrive musikk til dikt henta frå barnediktboka ”Når Morgonfrosken Syng” av Per Olav Kaldestad. Ei bok forfattaren sjølv omtalar som ei bok for både små og store. Songane er spela inn på plate som skal sleppast i september dette året, men no kjem fyrste smakebit, singelen ”Himmelen har mykje å fortelja” med bandet Morgonfrosken. Morgonfrosken er ein trio som består av Annlaug Børsheim sjølv på gitar, fele og song, Mari Skeie Ljones på fele og hardingfele, og Ingemund Askeland på banjo, klarinett og munnspel. Morgonfrosken har spelt ei rekke konsertar for små og store, og til sommaren spelar trioen på Førdefestivalen. Annlaug og Mari har turnert for DKS i Hordaland med eit program kalla ”Tenk om eg var ein tanke” som er basert på dette materialet og produsert av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. ”Himmelen har mykje og fortelja” er songen mange av elevane i 3.-6.klasse rundt om i Hordaland har fått lære og sunge med på. Tekstane til Per Olav Kaldestad spenner frå store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vær og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, men også av pop og andre musikktradisjonar. Singelen og resten av plata er spela inn i Amper Tone studio, eit studio der m a Stein Torleif Bjella, og Valkyrien Allstars har spelt inn dei siste platene sine. Produsent på plata har vore Anne Lise Frøkedal som i desse dagar er aktuell med det kritikarroste soloprosjektet sitt, Frøkedal & Familien. Som gjestemusikarar på plata har Morgonfrosken med seg Martin Langlie (Valkyrien Allstars), Olav Christer Rossebø (Frøkedal&Familien, Bergen Mandolinband), Bård Ingebrigtsen (teknikar i Amper Tone og på plata) og Anne Lise Frøkedal. Singelen vil vera tilgjengeleg digitalt på Spotify, Tidal (Wimp) og iTunes frå 15.april Desse spelar på Himmelen har mykje å fortelja: Annlaug Børsheim: song, gitar og synth Mari Skeie Ljones: fele og kor Ingemund Askeland: banjo og kor Martin Langlie: Trommer Anne Lise Frøkedal: synth Bård Ingebrigtsen: penne-synth Kontakt: Annlaug Børsheim, tlf. 97543037, annlaug.borsheim@gmail.com Morgonfrosken på facebook: https://www.facebook.com/morgonfrosken/

bottom of page